Gardsutsal

Kaspar og Oluf på Sjelholmen

Litt om økologiske vikinglam frå Ypsøy.

Vikinglamma vert fødd om våren i utmarka. Dei veks opp på melk frå mora og etterkvart viltveksande gras, blomster, lyng og busker. Dette resulterer i eit fantastisk mørt, fint og magert kjøt

Etter at lamma om hausten vert foredla, seld som alvsdyr eller brukt som livdyr, kjøper me inn nye værar og naturen kan på nytt gå sin gang til neste vår då nye lam kjem til verda.

Me har no for salg: ( Det er kun skinn igjen frå fjordårets produksjon. Årets produkt kjem i november.)

Ferdasnabb - Dette er ei spekepølse av reint lammekjøt og litt hjort, kun tilsatt salt. Pakning: ca. 200gr. pris ca. 150,-Lammelår - Ferskt fryst og klart til tilbereding. Pakning: 1 lår (ca. 1 - 1,5kg). pris pr. kg. kr. 195,-                             Pinnekjøtt - Salta, vindtørka og ferdig delt. Skal vatnast ut over natta og dampast i 2,5-3 timar. Pris pr. kg. kr 275,-

Saueskinn - Skinna er garva og har ulike fargar og storleikar. Ei flott gåve til små og store. Pris kr. 850,- og kr. 1 000.-.  

Plommesyltetøy - Økologisk syltetøy av tradisjonell victoria. Pakning: Glas à ca. 350gr. Pris pr. glas kr. 40,-

Lyngheisenteret på Lygra og Kostkroken på Frekhaug er forhandlarar av produkta våre.

Du kan og tinga direkte på tlf.: 95061191 eller epost: ypsoy@kystgard.no  

   
Aktuelt
Aktivitet
Servering
Gardsutsal
Inn på tunet
Slik finn du fram
Historia til garden
Kontakt oss
Bilder