Historia til garden

Ypso, Øpso, Ypsøy, Øpsøy, Øpsen er ein av heller få stader som er omtalt i skriftlege kjelder (BK) heilt tilbake til 1300 – talet. Namnet på øya vert skrive og omtalt på ulike måtar.

Me valde å bruke namnet Ypsøy som slektsnamn. Derav namnet Ypsøy kystgard.
Dei fleste trur at namnet har samanheng med alle klippeframspringa mot Herdlefjorden.
Øya og områda rundt er rik på historie heilt tilbake til eldre steinalder.

Forfedrane til Vigleik har drive landbruksdrift på øya i mange generasjonar.  På 1960 – talet vart drifta på bruket lagt ned. Dei neste 40 åra var eigedomen nytta som feriestad, inntil Monica og Vigleik saman med borna Miriam og Mathilde flytta ut igjen til øya i 2001 for å videreføra tradisjonen som kystbønder.

I år 2000 hadde me ingen kunnskap om landbruksdrift, kun litt om fiske. Men etter positive tilbakemeldingar og mykje god hjelp frå naboar, slekt, venner, kommune og fylke våga me å starte opp med 16 villsau i 2001.
Frå 2002 har me teke etterutdanning, lest historie og hatt mange samtaler med dei som huskar 40 år attende i tid. Saman med det praktiske arbeidet på garden har dette gjort oss i betre stand til å forvalte kystkulturlandskapet på ei god måte.

Solnedgang

Solnedgang over Askøy tidleg i januar.  

Gullkorn:

Elevar frå Rossland skule:

”Eg nektar å reise her i frå før siste båten går”

”Eg ut til deko neste veke. Eg e heilt avhengig!

" Vigleik: "detta er ein Tjeld (uttalast Kjell). Eleven: "veit du kva alle fuglane heite du?""

Stunt-poet frå Meland kommune:

”Vigleik under bjørka står  
her bur han både vetter og vår
her har han både kvinnfolk og knott
her likar han Vigleik seg veldig godt”

   
Aktuelt
Aktivitet
Servering
Gardsutsal
Inn på tunet
Slik finn du fram
Historia til garden
Kontakt oss
Bilder