Historia til garden
Ypso, Øpso, Ypsøy, Øpsøy, Øpsen er ei av heller få stader som er omtalt i skriftlege kjelder (BK) heilt tilbake til 1300 – talet. Namnet på øya vert skrive og omtalt på ulike måtar.
Dei fleste trur at namnet har samanheng med alle klippeframspringa mot Herdlefjorden.
Øya og områda rundt er rik på historie heilt tilbake til eldre steinalder.
På øya var det fiskarbønder som levde av fiske og litt jordbruk. Poteta kom seint på 1800-talet. Korn og flatbrød har vore ei viktig del av kosthaldet. Dei hadde også sau som kunne gå ute i lyngheia heile året å finna maten sin sjølv.
Drifta på bruket vart teke opp att i 2001 etter å ha lege nede i fleire 10-år. Landskapet var då prega av gjengroing og bygningane var i dårleg stand eller til nedfalls.
Drifta i dag består av sau, foredling, undervisning, kulturlandskapsforvaltning og reiseliv. Skjøtsel av kulturlandskapet byggjer vidare på arbeidet frå tidlegare generasjonar.
Â














