Turar til Ypsøy
Turen over til oss tar ca 10 minutt i smult farvatn. Me brukar 2 stødige åpne Pioner-båtar som tar 16 personar på kvar tur. Ei gruppe på 30 personar vil vere over på 20 min. På Rossland er det parkeringsplass for bilar og bussar.
Dagstur eller overnatting?
Eit dagsopplegg med båttur, mat og aktivitet tar om lag 3 - 4 timar. Me kan også ordne med enkel overnatting for dei som ikkje vil reise heim.
Me tar no imot bestillingar for det nye døgntilbodet: "Du er vår gjest!" som startar opp til hausten.
Dette er eit unikt pakketilbod for 2 som inkluderer overnatting i "Nya-løo" med full pensjon, båttur og valfrie aktivitetar saman med vertskapet.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.














